Hopp til innhold

Grasrottrenar-kurs Langrenn

Kommande veke vert det gjennomført kurs i Grasrottrenar Langrenn i Breimsbygda IL (2. februar), Jølster IL (3. februar) og Syril IL (4. februar).

Målet med kurset er å utdanne Grasrottrenarar som både kan tilrettelegge og skape skiaktivitet for dei som skal lære å gå på ski, og trening for barn og unge som gir utfordringar og samtidig meistring. 

Kursdeltakarane blir meir bevisst på å sjå kva moglegheiter og utfordringar dei har i si gruppe i sitt anlegg, og får inspirasjon til å bruke eigen kreativitet til å skape gode treningar.

Kva er Grasrottrenar-kurs?
https://www.ski-tv.no/hva-er-grasrottrenerkursetmov

Grasrottrenar-kurs - Breimsbygda IL, 2. feb.

Grasrottrenar-kurs - Jølster IL, 3. feb.

Grasrottrenar-kurs - Syril IL, 4. feb.

Ynskjer di skigruppe trenarkurs eller klubbesøk med praktisk økt med skikrinsen?

Ta kontakt med Sogn og Fjordane Skikrins: 
E-post ingrid.narum@skiforbundet.no
Tlf. 92 60 14 21

NIF-EPI02, 02
NTB