Hopp til innhold

Klubbesøk med praktisk økt

Ynskjer di skigruppe gode tips i tilrettelegging av god og attraktiv skiaktivitet?

Skikrinsen kjem gjerne på besøk til di skigruppe for å bidra med inspirasjon og kompetanse: 

  • Skiaktivitet - praktisk økt med gode tips til artig aktivitet for barn og med bruk av utstyrspakke for skileik
  • Skiarrangement - praktisk økt med tips i korleis lage til attraktive arrangement for barn (alpint eller på tvers av skigreiner)

Besøket vert tilpassa skigruppa med varigheit på 2-3 timar og er kostnadsfritt.

Målgruppe: 
Trenarar, aktivitetsleiarar, tillitsvalte, foreldre og ungdom 

Trenarkurs
Skigruppene kan også melde inn ynskje om trenarkurs og skikrinsen følgjer opp med aktuell skigrein i skiforbundet. 

Ta kontakt med Sogn og Fjordane Skikrins: 
E-post ingrid.narum@skiforbundet.no
Tlf. 92 60 14 21

Bakgrunn
Skikrinsstyret har gjort vedtak om at Sogn og Fjordane-leikane (eit arrangement på tvers av skigreinene) ikkje vert avvikla i 2021 grunna restriksjonane med smittevern, og er utsett til 2022. Skikrinsen vil i vinter bidra med tilpassa opplegg ut til skigruppene på bakgrunn av innmeldt interesse. Her kan ein sjå informasjon frå Sogn og Fjordane-leikane i 2020.

NIF-EPI01, 01