Hopp til innhold

Sonesamling for krinslaget

12.-15. november er det klart for sonesamlingar i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn for krinslaget i langrenn.

Etter ei totalvurdering med utvikling av koronasituasjonen siste tida, har langrennskomiteen valt å endre planlagd krinssamling på Beitostølen til sonesamlingar i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn med minst mogeleg reiseaktivitet og der løparane bur heime.

Langrennskomiteen vil prøve legge til rette for ei snøsamling for krinslaget på eit seinare tidspunkt.

Krinstrenarane har i samlingsplanen fokus på gode barmarksøkter og kvar trenar følgjer opp løparar i si sone.

Trenarar på samlinga: 
Simen Bækken (Sogn), Roger Pollen (Sunnfjord), Eivind Øygard (Nordfjord)

På samlinga deltek også impulslaget til krinslaget (utøvarar f. 2005).

Torsdag 12. november:
1. økt, 17.30: Intervall

Fredag 13. november:
1. økt, 08.00: Løp 1,5 t

2. økt, 17.00: Rulleski 2 t

Laurdag 14. november:
1. økt, 09.00: Distanseøkt rulleski

2. økt, 16.00: Restitusjon + styrke, 1,5 t

Søndag 15. november:
1. økt, 09.00: Langtur 3 t

Detaljinformasjon om øktene vert kommunisert frå trenar for kvar sone.

Les meir om krinslaget i langrenn

Krinslaget følgjer Norges Skiforbund sin koronarettleiar for klubbar og kretsar på krinssamlingar.

NIF-EPI02, 02