Hopp til innhold

Frå Fjord1 samling på Sandane i 2018 (foto: Morten Skrede).

Fjord1 samling Sandane

23.-24. august inviterer Sogn og Fjordane Skikrins til Fjord1 Alpinsamling barmark på Sandane. Merk at samlinga er flytta til fredag og laurdag.

PÅMELding

Frist for påmelding er måndag 19. august 2019.

Samlinga er for U10-U16 (aldersgruppene gjeld for sesongen 2019-2020, dvs. U10 = f. 2010). Utøvarar eldre enn U16 kan også delta på samlinga.

RAMMEPROGRAM:

Fredag 23. august:
Kl. 17.30: Oppmøte Sandane Skule for levering av bagasje.
Kl. 18.00-20.00: Trivselshagen klar til sirkeltrening.
Kl. 20.00-21.00: Bading i bassenget for dei som ynskjer det, ta med kr 60,-.
Kl. 21.00: Pizza på Sandane Skule

Laurdag 24. august:
Kl. 08.00: Frokost
Kl. 09.00-12.00: Turn i turnhallen og klatring.
Kl. 12.00-13.00: Lunsj, utsjekk Sandane Skule.
Kl. 13.00-15.00: Uthald i Trivselsskogen, ute.

Ta med inne- og uteklede og evt. badeklede.

Trenarar vert både innleigde og "lokale".

Overnatting for dei som vil på Sandane Skule på flatseng.
Enkel brødmat vert servert laurdag, pizza fredag for dei som overnattar.

Foreldre med "Brattkort" i klatring kan gjerne melde frå om dei kan bidra laurdag.
Fint om foreldre som kjem til å overnatte melder tilbake om dette.

Spørsmål om samlinga rettast Per Asbjørn Felde, tlf. 97 95 24 52.

Informasjon om SFSK alpinsamlingar 2019-2020

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde
nif-epi04, 04