Hopp til innhold

Bilete frå Langeland Skisenter.

Endring SSF KM Førde IL

I samråd med arrangør Førde IL vert SSF KM søndag 30. desember endra til klassisk. Dette pga. marginale snøtilhøve og dermed rådande forhold i løypenettet på Langeland.

Vurdering frå arrangør:
Pga. marginale snøtilhøve og dermed rådande forhold i løypenettet er det mest realistiske at arrangementet vil måtte bli avvikla i dei to sprint-traseene – ny og gammal, med ei samla løypelengde på 2 km.

Pga. det vanskeleg lar seg gjere å avvikle et KM-arrangement i fristil (grunna breidde i traseeane mht. bruk av dobbelt-spor, og mange løparar i løypene på et begrensa løypenett) søkjer ein med dette om å få endra stilart for KM den 30.12.18 til klassisk. Ein ser då for seg å bytte stilart for KM arrangementet den 27.01.19 – slik at dette arrangementet i staden blir avvikla i friteknikk.

Sportsleg og arrangementsmessig ser ein for seg at ein får til eit kvalitativt betre arrangement i klassisk vs. fristil den. 30.12.18.

Ei endring av stilart må vere permanent i den grad De innvilger dette – og uavhengig av om det måtte komme snø og at ein dermed vil kunne ha tilgang til større deler av løypenettet. Dette for å skape forutsigbarhet. Sjølvsagt vil en nytte større deler av løypenettet om det lar seg gjere – men endring av stilart bør etter vår vurdering ligge fast.

Vedtak frå langrennskomiteen:
Langrennskomiteen har godkjent endring av stilart i arrangementet til klassisk og at KM 27.01.2019 vert gjennomført i friteknikk.

Sjå oppdatert informasjon med løypekart og tilleggsinformasjon til løyper;

INNBYDING - PÅMELDING

Arrangementet inngår i SSF Cup for junior.

NIF-EPI01, 01