Hopp til innhold

Nasjonale renn Langrenn

Equinor Norgescup, NM jr. og sen.

Fellesopplegg Krinslaget langrenn, Sogn og Fjordane Skikrins:
25.11.-27.11. 
Equinor NC  Gålå  (1,2,3)
06.01.-08.01 -  Equinor NC jr. Lillehammer  (1,2,3)
19.01.-22.01 
Equinor NM/NC  Vind (4,5,6)
10.02.-12.02. Equinor NC jr./NM Sprint jr. Voss  (4,5,6)
17.02.-19.02. Equinor NC Åsen  (7,8,9)
24.02-26.02. - Hovudlandsrennet 2023 Meråker
03.03.-05.03. - Equinor NM/NC jr. Alta  (7,8)
10.03.-12.03. - Equinor NC/NM U23 Mjøs Ski  (10,11,12)
29.03.-01.04. - Equinor NM/NC  Tolga  (13,14 og 9,10,11)

Lenker til bestilling av av overnatting i samband med NM og Norgescup vert oppdatert forløpande når dette er klart (sjå i menyen til venstre). 

Innkvartering NM/ NC Junior
Norges Skiforbund vidarefører ordninga med felles organisering av innkvartering i samband med NM Junior, slik som i sesongen 2021-2022. Dette medfører at NSF reserverar alle sengeplassar på arrangørstaden og fordelar på kretsane. Fordelingsnøkkelen er 1 leiar pr. 3. utøvar, slik som tidlegare. 

Der det er plassar tilgjengeleg etter påmeldingsfristen vil andre utøvarar som ikkje er ein del av krinslaget kunne disponere plassane etter dialog med administrasjonen.

Innkvartering NM/ NC Senior
Her vil ein samarbeid med andre kretsar om fellesopplegg. Aktuelle løparar melder inn kva renn som er akutelle å delta på.

Innkvartering SørVest Norsk Meisterskap 2023
Sogn og Fjordane Skikrins legg til rette for fellesopplegg for sine løparar på SørVest Norsk meisterskap 2023, Voss. Meir informasjon kjem. 

Rammevilkår (fristar og bestilling/avbestilling)
Bestillingsfristar, avbestillingsfristar og øvrige rammevilkår blir sett av kvar einskild overnattingsverksemd.
Merk at alle bestillingar er bindande. Ved forfall må løpar/ føresett nytte seg av eiga reiseforsikring ved eventuell refusjon. Det står spesifisert i informasjon om overnatting for kvart arrangement vilkåra for kansellering (sjå menyen til venstre).

Ein prioriterar utøvarar som overheld fristane.

Ved reiser til meisterskap og norgescuprenn i Sør-Norge ordnar løparar, støtteapparat, klubbleiarar og føresette transport sjølve. Når det er behov for reservasjon av fly- og togreise t.d. i samband med arrangement i Nord-Norge ordnar krinskontoret transport.

Informasjon om kvart einskild arrangement finn ein i menyen til venstre.

NIF-EPI03, 03
NTB