Hopp til innhold

Telemark Hordaland Skikrets

Telemark har ikkje per i dag eigen komite i Hordaland skikrets. Det er likevel ein viss aktivitet og tilbod om arrangement. Dette er hovudsakleg på Voss.

Aktuelt

Webinar om rekruttering

Skiklubbane i lag med Hordaland Skikrets ynskjer å sette fokus på rekruttering til skisporten. Me startar opp med bidrag frå dyktige Marianne Myklebust torsdag 9. desember kl 20.00. Meld på!

Fylkesvinnar - Årets ildsjel

Magne Sørestrand frå Eldar IL er utnemnt til årets ildsjel i Vestland Idrettskrets. Han er dermed også ein av elleve kandidatar til den Nasjonale prisen, som vert utdelt under Idrettsgallaen i januar 2022.

Superlekene Vinter til Voss 22.-24. april

I april vert det arrangert Superlekene også på vinterstid. Arrangementet for personer med utviklingshemming skjer på Voss og Myrkdalen helga 22. - 24. april. Sjå invitasjon.

Kjekt på Haustcamp

Haustcampen 2021 er over. Takk til deltakarane for ei super helg i Bømoen. Sjå bilete frå den allsidige samlinga, der 60 ungdomar frå skikretsen fekk dele opplevingane.ag.

Påmelding Haustcamp 17. - 19. september

Haustcampen er tilbake! Det skjer på Bømoen helga 17. - 19. september. Skiungdomar i skikretsen født 2006 - 2010 er velkomne til ei super allsidig og sosial samling for alle skigreiner. Litt av det som skjer: Elvepadling, Hallaktivitet, Terrengsykling, Nattorientering, Rulleski(langrenn), Rollerblades(alpint) og Sosiale konkurransar. Bli med!

Kretsting Hordaland Skikrets

Torsdag 26.august kl 18 - 20 på Brann stadion - Idrettens hus, eller digitalt. Innkalling og link til påmelding vedlagt.

Utsetting av kretsarrangement

I samband med dei nye retningslinjene som gjeld for skiidretten, så er vår aktivitet delvis nedstengt med tanke på kretsrenn og arrangement. Lokalaktiviteten i klubbane er difor den viktigaste bidragsytaren til våre medlemmer i denne perioden.

se flere nyheter Vis alle nyheter
NIF-EPI03, 03