Hopp til innhold

Hopp/Kombinert Hordaland Skikrets

Aktuelt

Kjekt på Haustcamp

Haustcampen 2021 er over. Takk til deltakarane for ei super helg i Bømoen. Sjå bilete frå den allsidige samlinga, der 60 ungdomar frå skikretsen fekk dele opplevingane.ag.

Påmelding Haustcamp 17. - 19. september

Haustcampen er tilbake! Det skjer på Bømoen helga 17. - 19. september. Skiungdomar i skikretsen født 2006 - 2010 er velkomne til ei super allsidig og sosial samling for alle skigreiner. Litt av det som skjer: Elvepadling, Hallaktivitet, Terrengsykling, Nattorientering, Rulleski(langrenn), Rollerblades(alpint) og Sosiale konkurransar. Bli med!

Kretsting Hordaland Skikrets

Torsdag 26.august kl 18 - 20 på Brann stadion - Idrettens hus, eller digitalt. Innkalling og link til påmelding vedlagt.

Aktivitetstilbod Hopp og kombinert

Skihopp på plast? Allsidig trening? Høyrest da spennande ut? Sjå aktivitetstilbodet i Hopp og kombinert for sommar og haust i Bergen og Voss.

Flott hoppdag på Vikafjellet

Det vart ein super familiedag for hoppinteresserte, når Hopp og kombinertkomiteane i Hordaland og sogn og Fjordane inviterte til hopp - og skidag på Vikafjellet.

Open trening på Gullbotn

Gullfjell IL inviterer til dagsamling barmark for skihopping og kombinert i Gullfjellsbakken lørdag 29 mai kl 13. Passar for alle opp til 13 -14 år.

Avlysing av hopprenn

Det planlagte hopp- og kombinertrennet på Bulken 7. mars utgår grunna snømangel. Det terminfesta arrangementet på Framnes 27. mars er neste moglege renn.

Bakkerekord og godt gjennomført NC hopp på Voss

Det vart hoppfest i Bavallen i helga, når NC senior og NM junior vart arrangert i ein strigla Nye Bavallen. Arrangøren gjorde ein strålande dugnadsinnsats for å klargjere bakken under dei krevjande føreforholda med mildver.

Utsetting av kretsarrangement

I samband med dei nye retningslinjene som gjeld for skiidretten, så er vår aktivitet delvis nedstengt med tanke på kretsrenn og arrangement. Lokalaktiviteten i klubbane er difor den viktigaste bidragsytaren til våre medlemmer i denne perioden.

Endringar i restriksjonar opnar for kretsrenn

Frå og med 23. februar er det igjen tillatt med skirenn innanfor kretsen for barn og unge opp til 20 år. Nærare presiseringar og reglar for gjennomføring publiserast mandag 22. februar.

Vis alle nyheter
NIF-EPI02, 02