Hopp til innhold

Haustmøte tysdag 28. oktober

Tysdag 28. oktober kl. 18 inviterer Hordaland skikrets til haustmøte på Voss gymnas. Fellesdel med informasjon etterfulgt av greinmøter.

Haustmøte for skikretsen vert arrangert tysdag 28. oktober på Voss gymans. Me opnar også opp for digital deltaking. Me gjennomfører ein felles del med informasjon frå skikretsen før greinvise møter. Alle skiklubbar og idrettslag med skigrupper er hjarteleg velkomne. Program oppdaterast.  

RAMMEPROGRAM

18.00 - 18.45: Felles del med informasjon frå skikretsen. 
- Informasjonssaker
- Handlingsplan Hordaland skikrets
- Presentasjon av Skiklubbutviklar Anne Lise Leiren Mastervik

18.45 - 20.30: Greinvise fagmøter med aktuell sesonginformasjon, fastsetting av lokale terminlister, fellesreiser nasjonale renn, kurs og innkomne saker.

Freeski gjennomfører sitt haustmøte seinare i haust. Dato for dette oppdaterast med klubbane som har freeskiaktivitet. 

For klubbar som har saker dei vil ha tatt opp, meld dette inn til adm. i skikretsen innan søndag 19. oktober.

Saksliste fagmøte vert oppdatert. 

PÅMELDING

Bruk lenka under for påmelding. Me legg også til rette for digital deltaking, som de kryssar av for i påmeldinga. Me oppfordrar likevel til fysisk deltaking, så langt det går. 

Påmelding haustmøte hordaland skikrets 28. oktober 

Frist for påmelding er søndag 26. oktober. 

NIF-EPI01, 01