Hopp til innhold

Påmelding Haustcamp 17. - 19. september

Haustcampen er tilbake! Det skjer på Bømoen helga 17. - 19. september. Skiungdomar i skikretsen født 2006 - 2010 er velkomne til ei super allsidig og sosial samling for alle skigreiner. Litt av det som skjer: Elvepadling, Hallaktivitet, Terrengsykling, Nattorientering, Rulleski(langrenn), Rollerblades(alpint) og Sosiale konkurransar. Bli med!

Velkomne til Voss og Bømoen leir fredag 17. september til søndag 19. september. Me bur i leiren og får maten servert der. Samlinga er for dei som skal opp i 12 års klassen til vinteren til og med dei som skal opp i 16 års klassen. Alle skigreiner er invitert, og allsidighet og det sosiale står i fokus.

Nokre økter vert felles for alle og nokre vert greinspesifikke. Området rundt Bømoen og på Voss vert nytta til dei ulike aktivitetane. Orientering, elvepadling, utfordrande hallaktivitetar, terrengsykling, rulleski, rollerblades og anna moro. Dyktige trenerar frå våre skiklubbar og skikretsen er klar til å skape ei kjekk samling for alle deltakarar.

Rammeprogram Haustcampen 2021

Med ei så variert treningssamling, så er det behov for ei god "ta med- liste". 

TA MED LISTE

Frist for påmelding er søndag 12. september.

PÅMELDING HAUSTCAMP 17. - 19. SEPTEMBER

Samlinga kostar 1750,-  Alle deltakarar får ei deltakar t-skjorte. For innbetaling av deltakaravgift på haustcampen, så betaler ein inn 1750,- på kto nummer: 3480.16.04775 og merkar med "haustcamp namn".

Til informasjon, så vert det oppretta ein kiosk på haustcampen. Den er laga kun for denne samlinga, og gjer at det vert litt kiosk-stemning også. 

Nokre av aktivitetane ein kan vente seg...


 


NIF-EPI03, 03