Hopp til innhold

7. - 9. mai vert det allsidig fartstrening i vakre Myrkdalen for u12 og eldre.

Invitasjon til fartssamling i Myrkdalen

Voss alpin og Myrkdalen fjellandsby ynskjer velkomne til fartssamling for u12 og eldre 7. - 9. mai. Sjå invitasjon.

Velkommen til fartssamling i Myrkdalen. Samlinga vil innehalde forskjellige element av fartstrening - bl.a. hopp, løyper med bølger i sving, bølgefelt, løype med fartsmåling og mykje anna moro.

Samlinga vert organisert felles, men vil ha ei klubbvis form på treningane for å sikre at ein held seg innanfor koronarestriksjonane. Kvar klubb må stille med eigen trenar jmf. smittevernsreglane. Korleis dette vil bli gjennomført kjem an på kor mange som deltek og korleis smittevernreglar for Voss Herad ser ut ved dette tidspunktet. Informasjon om nasjonale eller lokale endringar som påverkar samlinga vil verte oppdatert framover.  

Invitasjon Myrkdalsfart 7. - 9. mai 2021

Påmeldingsfrist fredag 30. april 2021

NIF-EPI01, 01