Hopp til innhold

Med krevjande føreforhold med mildver, så var dei ein stor dugnadsinnsats både på Voss ski- og tursenter og på Totræna, som berga to flotte langrenn. Her frå Totræna under søndagens Samnangerrenn.

Vel gjennomførte langrenn

Det vart eit flott renntilbod for langrennsløparane denne helga med renn både på Voss ski- og tursenter og på Totræna.

Laurdagens Vargarrenn gjekk i friteknikk og samla omlag 150 deltakarar. Det vart brukt kunstsnø og stor innsats for å kunne tilby ein flott trase i det krevjande mildveret. Ingen gjennomslag og eit flott renn var det Vargar inviterte til denn laurdagen. 

Resultat Vargarrennet - friteknikk - 27. februar

Søndagen var det Samnanger IL som inviterte til renn i klassisk teknikk. Der vart også veka brukt godt til snømåking og påfyll der løypa var mest utsett for mildveret. Samnangerrennet berga også nok av traseen til at det vart eit godt gjennomført renn med minimalt med snø, men nok til at det ikkje var fare for øydelagte ski på rennet. 

Resultat Samnangerrennet - klassisk - 28. februar

takk til arrangørane for innsatsen de la ned for å sikre gode tilhøve og kjærkomne arrangement etter ein periode utan kretsrenn. 

NIF-EPI01, 01