Hopp til innhold

Kretscupen er fullført for sesongen. Her ser me nokre av dei spreke i 19-20 års klassen, og vinnaren av kretscupen i den klassen er den spreke Eskil Flisram Tveiten, som står nummer 2 frå høgre.

Kretscupen i langrenn samanlagt

Årets Kretscup i langrenn oppdatert. Det vert ikkje noko Fanarenn slik regelverket er per i dag. Det betyr at dei 7 teljande renna er opptelt og me har ei samanlagtliste for sesongen.

Slik regelverket kan tolkast etter dei siste endringane, så er det vanskeleg å få arrangert vår finale den 11. april. Det er enda ikkje endeleg korleis reglane vil sjå ut for idretten, men alt tyder på at me har fullført årets kretscup i langrenn med Vestlandske skistemna som siste renn. Sidan me ikkje fekk arrangert alle våre renn i år, så har langrennskomiteen beslutta at me har 7 teljande renn og potensielt eit renn som kan strykast om ein har delteke på alle 8 renna. 

Takk for innsatsen til alle deltakarane, og ikkje minst til arrangørane som har laga så fine arrangement for våre unge langrennsløparar under ein krevjande sesong. 

Kretscupen samanlagt 2020-21 langrenn hordaland

Oppdatering rundt dei siste endringane i forskrifta for smittevern for idretten kjem i løpet av dei næraste dagene. Informasjon om dette vil klargjere både arrangement i eigen skikrets og det utsatte SørVest meisterskapet.  Det vert publisert ein eigen sak om dette før påsken. 

NIF-EPI02, 02