Hopp til innhold

Utsetting av kretsarrangement

I samband med dei nye retningslinjene som gjeld for skiidretten, så er vår aktivitet delvis nedstengt med tanke på kretsrenn og arrangement. Lokalaktiviteten i klubbane er difor den viktigaste bidragsytaren til våre medlemmer i denne perioden.

Etter at ytterligare innstramningar vart vedtatt i stortinget for perioden fram til over helga 31. januar, så er skiidretten nøydde til å utsette arrangement som samlar deltakarar frå ulike kommunar i denne perioden.  

Skikretsen vil oppdatere om endringar og legge til rette for at dei renna som nå er utsette får nye datoar for gjennomføring. Dette vil verte oppdatert på heimesida og på terminlista. 

Bakgrunnen for endringane kan de lese meir om på vår felles

koronavegleiar 

Hordaland skikrets ynskjer å beklage til våre dyktige arrangørar som planlegg og legg ned stort arbeid for sine arrangement og alle deltakarane som hadde sett fram til å delta på våre kretsrenn i denne perioden.

I denne kjedelege situasjonen vil me samstundes takke våre gode skiklubbar for det fantastiske arbeidet de gjer for tilrettelegging av både løyper, bakkar og trening lokalt. Det arbeidet utgjer den store forskjellen dagleg, og spesielt nå.  

NIF-EPI02, 02