Hopp til innhold

19 deltakarar fekk glede av det flotte anlegget denne torsdagskvelden på Framnes.

Hoppglede på Framnes

Torsdag 27. februar var det skileik, hoppleik og langrennscross ved Framnesbakkane. Hordaland skikrets stod for arrangementet i lag med hoppavdelinga til norges skiforbund.

Tore Øvregård, frå hoppavdelinga til skiforbundet, innleia med å fortelja om allsidig skitrening , mini raw Air og korleis dei ser for seg rekruttering. Han var imponert over området på Framnes slik det no er utforma. Han sa mellom anna: 

«Slik det her er tilrettelagt, er nettopp det vi ynskjer at born skal få oppleva. Her kan alle vera med og få den meistringskjensla dei veks på». 

Skiforbundet og skikretsen ser på dette som viktig  i ei tid der vi opplever nedgang i rekrutteringa i dei fleste skigreiner. Det er viktig for miljøet å samla aktivitetar på samme  plassen .

Det var 19 ivrige born frå 12 år og nedover til 4, som var med på skileiken og  både born , foreldre og besteforledre kosa seg i dei fine tilhøva i bakkar og løype.

Gode medhjelparar sytte for litt snaks til alle frammøtte til slutt. Deltakarane kom frå ulike idrettslag på Voss, Ulvik, Fana og Sandnes. Det var flott fordeling mellom jenter og gutar.

NIF-EPI01, 01