Hopp til innhold

Det flotte langrennsanlegget på Dalane vert byta ut med Voss ski og tursenter komande søndag.

BKK Bulkarennet vert flytta til Voss ski og tursenter

Søndagens renn som skulle gått på Dalane skianlegg på Bulken vert flytta til Voss ski og tursenter grunna verutsiktene. Med ein viss fare for overvatn med mykje nedbør, så vel arrangøren å flytte arrangementet. Samstundes vert det ein endring i rennprogrammet. For klassane 8 til 10 år vert rennet arrangert i friteknikk. Frå klassane 11 år og oppover går rennet i klassisk teknikk som terminfesta. Dette for å redusere vanskegraden for dei yngste klassane med tanke på festesmurning.

NIF-EPI03, 03