Hopp til innhold

Nye rekruttar

Hordaland skikrets og skiklubbane inviterer nye rekruttar til vår skiaktivet. Sjå vår terminliste for rekruttrenn i hordaland skikrets for vinteren.

Har du lyst å prøve skiaktivitet og kanskje byrje i ein skiklubb? Då er våre skiklubbar klare for å ta i mot akkurat deg til kjekke rekruttarrangement ut over vinteren. 

Skikretsen og skiklubbane inviterer til ulike arrangement og innhald framover. Vinteren har ikkje vore den beste så langt, så me ser føre oss at nokre arrangement kanskje vert flytta eller avlyst. Me vil oppdatere rundt dei ulike arrangementa angåande dette. 

Første arrangement ut er ein kjekk skikveld med IL Korlevoll - Odda og Røldal IL på Korlevoll onsdag 29. januar. 

Arrangementa den 1. og 2. februar på Sjuseter i Kvam og Gullbotn i Bergen må me utsette til seinare i vinter pga noverande snøforhold. 

Har du lyst å vere med på våre arrangement, så vil du kune følge med på status på arrangementa på klubbane sine sider og under fanen "rekruttarrangement" på vår heimeside.  

Rekruttarrangement 2020.Excel oppdat. 29.01

Rekruttarrangement 2020.plakat

NIF-EPI02, 02