Hopp til innhold

I M18 år var det fleire som imponerte opp Lysebotn. Daniel Dukstad, Voss IL stakk av med sigeren.

Unge hordalandsløparar i toppen under Blinkfestivalen 2019

Mange av våre unge lovande langrennsløparar tok turen til Rogaland og var med på rulleskikonkurransane under Blinkfestivalen. Her var det fleire som fekk vist at dei er i rute føre ny skisesong.

Rulleskikonkurransane gjekk føre seg i både motbakkane i Lysebotn og i og rundt Sandnes sentrum.

I motbakkane i Lysebotn var det fleire som viste seg fram med topp resultat.


I M18 år vann Daniel Dukstad, Voss IL, si klasse. Simen Engevik, Stord IL og Bård Olav Steinsland Medhus, Røldal IL fulgte opp med 4. og 5. plass i same klassen. 


Familien Enes Seeberg imponerte med fyrsteplass til både Emilie Enes-Seberg i J13 år og Marcus Enes-Seberg i G15 år. I mellom desse står søster Celina, som også er god på rulleski i motbakke!

Guro Femsteinevik, Hålandsdal IL, imponerte i J16 år med 2. plass i Lysebotn opp. 

Unders helgas rulleskikonkurransar var også våre lokale løparar frå Team veidekke vest med å markerte seg mot mange av verdas beste skiløparar. Ein av dei, Sjur Røthe Voss IL, viste også at han er i rute med stabile prestasjonar heilt i toppen. 

Sjå link til resultatliste med fleire hordalandsløparar frå helgas Blinkfestival. 

nif-epi04, 04