Hopp til innhold

Det vart ein tur til topps på pallen for dei unge skijentene, som viste at dei også kan springe fort.

Jentene vann stafetten i Bergen City Marathon

Ein gjeng med langrennsjenter frå Hordaland skikrets stilte med eige lag under Bergen City Marathon sin stafettkonkurranse. Der slo dei til med siger i kvinneklassen.

Dei unge langrennsløparane som kjem frå klubbane: Tif Viking, IL Viljar, Voss IL, Osterøy IL og Fana IL, sprang så fort at ingen kunne halde følge. Det vart dagens beste tid i kvinneklassen og ein 15 plass totalt i stafettkonkurransen.

Imponerande av dei unge jentene som er mellom 15 og 17 år. Dette lovar godt for høg fart i sporet til vinteren som kjem, også. 

Resultatliste Bergen City Marathon 2019

NIF-EPI03, 03