Hopp til innhold

Madelen Sylvester-Davik til venstre under premieutdelinga for slalåmdelen i det internasjonale rennet for ungdom.

På pallen i Topolino

Madeleine Sylvester-Davik var ei av 2 norske jenter i klassen U14, som vart teken ut av Norges skiforbund for å representere Norge i Italia og Alpecimbra Fis children cup Folgaria 2019.

På det årlege store alpintarrangementet stiller nasjonar frå heile verda og i år var heile 41 nasjonar representert. 

Tertnes alpin - utøvaren fekk ein fantastisk  andreplass i slalåmkonkurransen i U14 klassen.  I storslalåm vart det 14. plass. I tillegg fekk det Norske laget ein flott 4. plass samanlagt i konkurranse med dei andre nasjonane. 

Nokre bilete frå Madelen si store oppleving.

NIF-EPI03, 03