Hopp til innhold

Fjord1 Cup

Målsetjing
Rekruttere fleire alpinistar i alderen 7-14 år til konkurransar i alpint.

Arrangement
Det vert arrangert tre rekrutteringsrenn i kvar sone (Nordfjord, Sunnfjord og Sogn), der to renn er teljande i tillegg til finalen. I alt tre teljande arrangement.

Poengfordeling
- 1. plass gir 26 poeng
- 2. plass gir 22 poeng
- 3. plass gir 19 poeng
- 4. plass gir 17 poeng
- 5. plass gir 16 poeng
- 6.-20. plass gir 15 til 1 poeng

Lik plassering gir lik poengsum. Plassen bak skal då hoppast over. Døme: To utøvarar deler 3. plassen. Begge får 19 poeng, utøvaren på plassen bak får då 16 poeng.

Premiering
Kvar arrangør er ansvarleg for premiering til utøvarane under sonerenna.

I Fjord1 Finale held skikrinsen premiar til dei 3 beste i kvar klasse, dvs. U12, U14 og U16. I tillegg er skikrinsen ansvarleg for ein deltakarpremie til alle som deltek i finalerennet. Arrangøren av Fjord1 Finale held premiar etter NSF sitt reglement for premiering.

Startkontingent
Startkontingenten i kvart arrangement er kr. 50,-.

Løypesetting og disiplinar
Løypene skal vere enkle, utfordrande og morosame.
Disiplin; SSL

Renndatoar
Sjå Sogn og Fjordane Skikrins si terminliste.

Arrangement og påmelding.

Resultatrapportering
Resultatlister skal sendast pr. e-post til yngve.thorsen@skiforbundet.no snarast råd etter arrangementet. Dersom det er mogleg, skal det også sendast bileter frå kvart arrangement.

Profilering
- Fjord1 sin logo skal nyttast i all kommuniksjon ifbm. renna.
- Kvar sone får tildelt 100 startnummer som skal nyttast i samband med dei ulike arrangementa.
- Kvar sone får tildelt 1 stk. Fjord1-banner som skal brukast på kvart arrangement.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde