Hopp til innhold

Terminliste

TERMINLISTE ALPINT 2016-2017

Alpinkomiteen sine rammer for terminliste 2016-2017 vart presentert i samband med Vårmøtet 15. juni 2016.

Framlegget vart deretter sendt til høyring i laga fredag 17. juni 2016, med svarfrist torsdag 01. september 2016.

Etter at høyringsfristen gjekk ut, har alpinkomiteen i møte 17. oktober, handsama innkomne endringsframlegg.

Vidare vart terminlista endeleg handsama i samband med alpinkomiteen sitt Haustmøte 07. november 2016. I samband med møtet vart det vedteke følgjande:

1) Fjord1 samlinga 02.-05. februar 2017 skal avviklast på Harpefossen (teknisk arrangør - Haugen IL).

2) Sparebanken Vest Alpinsamling 19. februar 2017 vert flytta frå Hafslo til Sogndal.

3) 25.-26. mars 2017 vert det avvikla to arrangement enn av dagane ved Breimsbygda Skisenter.

4) Grotlirenna vert flytta til 01-02. april 2017.

5) Førde IL var opphaveleg sett opp med to kvalik. renn 29. januar, men p.g.a. kollisjon med ECO-Cup i Trysil vert eitt av dei to dei kvalik. renna flytta til Hafslo 26. februar.

Oppdatert Terminliste Alpint finn ein under.

Terminliste Alpint 2016-2017

Med venleg helsing
Sogn og Fjordane Skikrins, AK

Atle Hamar (s)                                                                         Yngve Thorsen (s)
Leiar                                                                                           Adm. sjef

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde