Hopp til innhold

Røldal og Korlevoll inviterer til Tour de Hardanger

Det vert ei allsidig langrennshelg når 3 renn går på 2 dagar i Røldal og på Korlevoll komande helg. For dei yngste vert det eit klassisk renn og eit friteknikkrenn. Frå 13 år og eldre vert det også prolog.

Set av helga og reis til hardanger når dei erfarne arrangørane i Røldal og på Korlevoll lagar Hardanger sitt svar på Tour de ski. For dei over 13 som vil gå heile touren, så melder de dykk på for heile konkurransen på prolog. 

Påmelding heile Tour de Hardanger 13 år og eldre 

For dei under 13 år som vil gå individuelle kretsrenn, så melder de dykk på enkeltrenna laurdag og søndag.

Tour de hardanger Klassisk laurdag 5. mars Røldal 8-12 år 

Tour de hardanger friteknikk søndag 6. mars Korlevoll 8-12 år

Hugs fristen for online påmelding torsdag 3. mars kl 23.59.


NIF-EPI01, 01