Hopp til innhold

Nyhetsarkiv

Resultat KM super-g Hordaland skikrets

Etter flytting av Lønahorgifart og KM i super-g til Myrkdalen, så vart det eit meir kompakt arrangement enn det som var terminfesta. To gode renn på laurdag vart det allikevel. Sjå resultat frå super-g og KM i super-g arrangert av klubbane i Hordaland i fellesskap

Resultat Kvammasprinten og Torefjellsrennet

Kvam Langrenn- og Skiskyttarklubb arrangerte både Kvammasprinten og turrennet Torefjellsrennet på Sjusete i helga. Etter ein usikker start på veka, vart det i samarbeid mellom vergudane og dugnadsfolket i Kvam laga til gode løyper i flott vinterføre. sjå resultat og rapport med kjekke bilete.

Puljerangering Hordaland skikrets

Sjå oppdatert puljerangering før helgas fartsrenn i Myrkdalen. Vedlagt også oppfriskning av puljeplasseringsinformasjonen som alpintkomiteen beslutta.

Oppdatering rundt Kvammasprinten og Torefjellsrennet

Sidan Sjusete vart velsigna med ca 20 cm snø natt til onsdag, så såg ei usikker rennhelg straks mykje betre ut. Kvammasprinten går som planlagt, mens Torefjellrennet kan verte arrangert i alternativ trase(5 km rundar). Hugs påmeldingsfrist!

Lønahorgi fart og KM i super g er flytta

KM og fartsrenn vert arrangert i Myrkdalen i staden for Lønahorgi. Flyttinga inneber at ein får mindre tid i anlegget. Sjå plan og informasjon om gjennomføring av renna til helga.

Noregscupen på Voss vel i hamn

Då var Noregscupen og NM i sprint gjennomført på Voss. Etter tallause dugnadstimar med snøproduksjon og tilrettelegging, kunne ikkje ein gong eit plaskande regnver utover helga stoppe eit rekordstort arrangement på Voss ski- og tursenter.

Resultat Tertnesrennet 2017

Tertnes alpin arrangerte i helga sitt Tertnesrenn. Det var storslalåm på laurdag og slalåm på søndag. Trass lite snø i terrenget og eit ausande regnver, så var det gode forhold i traseen. Sjå resultat.

Noregscupen for junior inntar Voss

Det er venta ca 1000 deltakarar både fredag, laurdag og søndag, når Noregscupen i langrenn vert arrangert på Voss ski- og tursenter. Sjå link til oppdateringar og liveresultat.

Resultat NM junior I og Fis renn på Voss

Voss alpin arrangerte både NM junior I og FIS-renn i slalåm og storslalåm i helga og fram til tysdag. Anniken Røynstrand frå Fana il, tok likesågodt med seg gull heimatt.

se flere nyheter