
Vestlandsmeisterskap langrenn 26. - 27. mars
Set av helga 26. - 27. mars og meld dykk på Vestlandsmeisterskap i Voss ski- og tursenter. Voss IL gledar seg til å ynskje våre kjære nabokretsar velkomne til ei kjekk langrennshelg.
Om Vestlandsmeisterskapen
Det er i år børsta støv av fjorårets ynskje om Sør-Vest cup. Denne vart ikkje ein realitet i fjor, men i år vert denne erstatta med Vestlandsmeisterskap for dei 3 nabokretsane i vest. Renna er opne for alle aldersklassar og Vestlandsmeistrar vert kåra frå 13 års klassane og eldre.
Meisterskapen består av dei 2 individuelle renna Parkrennet 26. mars som går i friteknikk og Vestlandske skistemna som går i klassisk teknikk for dei yngste klassane og i Skiathlon for dei eldste. Sjå meir informasjon om renna og påmelding under.
Vestlandsmeisterskapen Parkrennet laurdag 26. mars
Vestlandsmeisterskapen Vestlandske skistemna søndag 27. mars
Overnatting
I samband med reisa til Voss, så vil det her oppdaterast overnattingstilbod knytt til arrangementet.
Scandic hotell Voss
Kvart enkelt lag booker sjølv til meeting@scandichotels.com med referanse: 47955391.
Pristilbod er 1590,- for enkeltrom inkl. frokost, 1790,- for dobbeltrom inkl. frukost.
Fleischers hotel
Overnattingstilbod Fleischer`s hotel
Voss Vandrarheim
Om dette blir individuelle bestillingar, er romprisen per natt;
Enkeltrom, kr 800, Privatrom for 2p, kr 1 150, Trippelrom, kr 1 350
Privatrom for 4, kr 1 560
Frukost og sengetøy er inkludert. Niste kan smørast frå frukostbuffeen til kr 85 per person.
Grupper på minimum 12 personer kan forhandstinga 2-rettars middag til kr 215. Restauranten er diverre kun open for forhandstingingar i vinterhalvåret.
Dersom de ynskjer gruppeprisar for overnatting for samla grupperingar på minimum 12 personer, vennligst gi beskjed.
Andre overnattingsalternativ: