
Sognefjellet Sommarskiskule 2025
Ei svært kjekk veke med sommarskiskule i Skjolden og på Sognefjellet vart avslutta med tur til Fuglesteg og «mesternes mester» konkurranse fredag.
Takk til flinke trenarar og Fjordstova for god mat og innkvartering. Hald av 22.-26. juni for Sognefjellet sommarskiskule 2026!
-------------------------
Frå tidlegare:
Sommarskiskulen går over fem dagar, 23.-27. juni (måndag-fredag) på Sognefjellet og i Skjolden.
Meir informasjon og påmelding:
Pris: kr. 4500,- (inkluderar 4 daglege måltider og alle aktivitetar, transport t/r Sognefjellet, lommepengar er kun nødvendig til evt. kioskvarer).
Sommarskiskulen er open for alle født f.o.m. 2015-2010.
Det blir lagt opp til skiøkter ved Sognefjellet Sommarskisenter tre av dagane i lag med kvalifiserte trenarar, og elles anna kjekk aktivitet og trening i Skjolden.
Bileter frå sommarskiskule 2024: