Hopp til innhold

Valkomitéen si innstilling

Valkomitéen si innstilling til hovudstyret og greinkomitéane for Sogn og Fjordane Skikrins er no klar. I innstillinga er det nokre nye namn i organisasjonen. Desse kan du lese meir om her, samt sjå fullstendig liste.

I samband med Skikrinstinget 2023 blir det halde val av tillitsvalde til Sogn og Fjordane Skikrins. Det skal veljast tillitsvalde til hovudstyret, alpinkomiteen, langrennskomiteen, hopp- og kombinertkomiteen, revisorar, og heidersteiknnemnda. 

Valkomiteen består av: Svein Olav Myklebust, Sogndal IL (leiar); Knut Tore Nes Hjelle, Eid IL; og Monica Otternes, Førde IL. Dette seier Svein Olav om arbeidet til valkomiteen:

 

"Valkomiteen har leita etter tydelege profilar, som har rett blanding av fagleg røynsle og erfaring frå politikk og næringsliv. Vi meinar vi har lukkast godt, og er stolte over å lansere den første kvinnelege leiaren i Jorunn Åsfrid Røyrvik frå Vik. Valkomiteen har funne ein godt rusta leiarkandat, med god fagleg og praktisk erfaring. Ein sterk kandidat, som også bygger opp om valkomiteen sitt ønskje om å styrke  kvinneprofilen i Skikrinsen. I dette bilete er det også naturleg å halde fast ved Tonje Norheim Tangerud som nestleiar, ein kandidat med toppidrettserfaring og med nasjonale verv i Skiforbundet. Vi viser elles til vedlagte presentasjonar av kandidatane. I tillegg har vi fått nye sterke kandidatar til fagkomiteane. Ein samla valkomité meinar at framlagt forslag gjev rom for optimisme, og at Skikrinsen no er rusta til  å halde fram det gode arbeidet. Styreleiar Finn Årdal takkar av og valkomiteen takkar han med flott innsats og godt samarbeid."

Valkomiteen si innstilling

Jorunn Åsfrid Røyrvik - innstilt som styreleiar
Jorunn er 50 år og medlem i Vik IL. Ho har tidlegare vore leiar i hovudstyret til Vik IL og i ski- og skiskytargruppa. I fjor leia ho styringsgruppa for NM Skiskyting og NM hundekøyring, og har vore medlem av hovudorganisasjonen for NM i sommarskiskyting i 2009 og 2016. Jorunn bur i Vik i Sogn med mann og 3 voksne born, og jobbar som dagleg leiar ved Blix Hotell. Kort nokre tankar Jorunn tek med seg inn i styret: 

 

"Det er ei stor tillitserklæring om å bli spurd å vere kandidat til eit slik leiarverv. Eg ser fram til samarbeidet med dei andre i styre og greinkomiteane. Organisasjonen har ei lang historie, men vi må no vere obs på utfordringane framover som t.d. rekruttering og klima." 

Hilde Katrine Engeli - innstilt som styremedlem
Hilde er 34 år og kjem frå Haugen IL. Hilde har si erfaring frå Snowboard der ho har konkurrert på internasjonalt nivå, men har også grasrottrenarkurs i langrenn. Ho har sambuar, 2 born og hund, og har alltid vore glad i idrett og aktivitet. Kort nokre tangar Hilde tek med seg inn i skikrinsstyret: 

 

"Idretten er til for å glede alle!"

Atle Hole Sæterbakken - innstilt som medlem i alpinkomiteen
Atle er 43 år frå Sogndal IL. Han har tidlegare konkurrert på høgt nivå i alpint og telemark, idrettar som han også har teke trenar-3 utdanning i. I tillegg har Atle ei lang idrettsutdanning og dr- grad i treningsfysiologi, samt mange års erfaring med undervisning for idrettsstudentar. 

Fabian Bergqvist - innstilt som medlem i alpinkomiteen
Fabian er 56 år og kjem frå Jølster IL. Fabian har fleire år med erfaring som leiar i alpingruppa i Jølster IL og har gjort ein god jobb i rekruttering av nye alpinistar til Jølster alpin og skiskulen. 

Reidun Smørdal Hjelle - innstilt som medlem i langrennskomiteen
Reidun er 41 år og medlem i Haugen IL. Ho har trenar 1 og 2 kompetanse i langrenn og har mange års erfaring som trenar i både langrenn og skiskyting. Dei siste åra har Reidun starta opp med skileik på Harpefossen og fått god vekst i langrennsgruppa til Haugen IL. Reidun er gift, har 5 born, og jobbar som bonde. Det ho brenn mest for er å få mange born og ungdom ut på ski, og rekruttering. 

nif-epi04, 04