Hopp til innhold

Foto: Vårmøte 2022 med foredrag Anders Fannemel

Haustmøtet 2022

I år, som tidlegare år, legg Sogn og Fjordane Skikrins Haustmøtet til Idrettens Møteplass i samarbeid med Vestland Idrettskrets. Idrettens Møteplass 2022 blir avvikla 5. november på Sandane.

Sogn og Fjordane Skikrins inviterer klubbane til Haustmøtet 2022. Etter fleire sesongar med koronarestriksjonar ser vi no fram mot ein «normal» sesong, og håpar mange ønskjer å møte fysisk og planlegge skisesongen med oss. 

Tidspunkt:   Laurdag 5. november
Stad:    Sandane – Trivselshagen/ -hallen
For kven:   Engasjerte personar i klubbane, tillitsvalde i skikrinsen og alle andre skiinteresserte
Treningssamling: Det blir også i år treningssamling for ungdommar på tvers av idrettar (12-19 år)

Førebels rammeprogram: 
Kl. 10.00-12.00:

Felles foredrag v/ Idrettskretsen
kl. 12.00-13.00: 
Servering av lunsj
kl. 13.00-13.30:
Fellesdel Sogn og Fjordane Skikrins
kl. 13.30-16.00:
Fagmøte Alpint
Fagmøte Hopp- og Kombinert
Fagmøte Langrenn
*Sakliste til fagmøta blir sendt ut i framkant. 

Påmelding Haustmøtet 2022 (påmeldingsfrist er 30. oktober)

Meir informasjon frå Idrettskretsen: 

Idrettens Møteplass 2022 

NIF-EPI01, 01
Foto: Sverre Hjørnevik