Hopp til innhold

Andrine Mårstøl og Andreas Strand er tildelt Sparebanken Vest utøvarstipend for 2020 og 2021.

Sparebanken Vest utøvarstipend

Andrine Mårstøl (Haugen IL) og Andreas Strand (Jølster IL) er tildelt Sparebanken Vest sitt utøvarstipend for 2020 og 2021.

I Sogn og Fjordane Skikrins sin samarbeidsavtale med Sparebanken Vest er det lagt til rette for å søke på utøvarstipend for utøvarar innan alpint frå Sogn og Fjordane.

For 2020 og 2021 er Andrine Mårstøl (Haugen IL) og Andreas Strand (Jølster IL) tildelt kvart sitt stipendet på kr. 50 000.

Dei har begge eit stort potensiale til å gå heile vegen til toppen og jobbar målretta for å utvikle seg til topputøvarar.

Andrine debuterte i europacupen sesongen 2018/2019 og i verdscupen sesongen 2019/2020. Ho vart også teken ut til å representere Norge i junior-VM begge sesongane. Frå 2020/2021 har ho vore ein del av Norges Skiforbund sitt alpinlandslaget og stabilitsert seg på eit høgt nivå i europacupen med fleire topplasseringar. I tillegg tok ho bronse i NM i storslalåm.

Andreas kvalifiserte seg i 2019 til junior-VM og køyrde inn til ein sterk 5. plass i slalåm. Sesongen 2019/2020 fekk han også sin debut i europacup og sesongen 2020/2021 tok han sine første europacup-poeng med ein 23. plass i slalåm. I tillegg tok han bronse i NM i slalåm.

Begge utøvarane arbeider målbevist og langsiktig mot sine mål, og er gode førebilete og bidreg med å motivere yngre alpinistar frå Sogn og Fjordane.


Andrine Mårstøl (t.v) og Andreas Strand (t.h.) fekk utdelt Sparebanken Vest utøvarstipend av Arild Sandvoll, regiondirektør bedriftsmarked i Sparebanken Vest.

nif-epi04, 04