Hopp til innhold

Kennet Dvergedal. (Foto: privat)

Ny adm.sjef i skikrinsen

Kennet Dvergedal frå Årdal er tilsett som ny administrasjonssjef i Sogn og Fjordane Skikrins frå 1. juni.

Kennet Dvergedal (26) er født og oppvaksen i Årdal og har dei seinare åra budd i Oslo der han fullfører mastergrad innan idrettsvitskap ved Norges idrettshøgskule. Her har han også fullført bachelor i Sport Management og har stor interesse for idrettsleg administrativt arbeid. I tillegg har han m.a. vore engasjert i idretten som trenar og dei siste åra som styremedlem i studentstyret ved idrettshøgskulen. Dvergedal var også aktiv innan langrenn fram til han var 15 år.

Dvergedal vil starte opp i 50% stilling frå 1. juni og i full stilling (100%) frå 1. august.

Kontaktinformasjon:
E-post kennet.dvergedal@skiforbundet.no
Tlf. 406 36 964

NIF-EPI01, 01
NTB