Hopp til innhold

Grasrottrenarkurs rulleski

Norges Skiforbund i samarbeid med Norsk Tipping inviterer klubbar til å melde inn ynskje om rulleskikurs i Grasrottrenar.

Norges Skiforbund har i samarbeid med Norsk Tipping eit kurs som heiter Grasrottrenar.
Målet med kurset er å utdanne Grasrottrenarar som kan legge til rette og skape skiaktivitet for dei som skal lære å gå på ski/rulleski.

Målgruppe:
Kurset egnar seg godt for barneidrettstrenarar, allidrettstrenarar, barnehagetilsette og foreldre som ynskjer å jobbe for å skape skiglede og drive ski- og rulleskiopplæring på ein pedagogisk og entusiastisk måte.

Grasrottrenar er eit sjølvstendig kurs, men vil også inngå som ein del av NSF si trenarløype.

Oppbygging og gjennomføring av kurset:
Kurset er lagt opp med 4 timar praktisk jobbing ute, og resten er lagt opp som teori.
Den praktiske gjennomføringen er lagt opp med ein kurslærar som går igjennom dei viktigaste prinsippa for planlegging og gjennomføring av aktivitetane.
Teorien er lagt opp som sjølvstudie (e-læring) med tekst og video, og spørsmål som skal reflekterast over og svarast på.

Norsk Tipping dekker kurslærer, samt ein utstyrspakke og vestar til trenarane.

Krav for å søke er at klubben klarar å samle 8 deltakarar pr. kurs. Det er mogleg at fleire klubbar går saman om å gjennomføre kurs.
Kurset kan gjennomførast ein helgedag, eller på ein ettermiddag og kveld.

Kurset er kostnadsfritt og krev ingen førekunnskap.

Grasrottrenarkurs på rulleski:
Kurset treng ikkje gjennomførast i rulleskiløype, og det vil vere like nyttig for klubbar å avvikle kurset på eit eigna asfaltert område. 

Har di skigruppe lyst på kurs?
Ta kontakt med Sogn og Fjordane Skikrins, e-post sognogfjordane@skiforbundet.no eller tlf. 92 60 14 21.

NIF-EPI01, 01