Hopp til innhold

Gode plasseringar av løparar frå Sogn og Fjordane i NM Super-G på Ål i helga. Arkivbilete Andrine Mårstøl. (Foto: NTB scanpix)

Gode plasseringar i NM Super-G

I helga vart NM i super-G avvikla på Ål med gode plasseringar av løparar frå Sogn og Fjordane.

Laurdag vart NM Super-G for menn avvikla i Ål Skisenter. Her vart det solide plasseringar på løparane frå Sogn og Fjordane:
Nr. 10 Sindre Myklebust (Sogndal IL)
Nr. 16 Jørgen Taklo (Jølster IL)
Nr. 17 Elias Felde (Breimsbygda IL)

Det vart også køyrt FIS-renn i super-G for menn laurdag med plasseringane: Sindre Myklebust (nr. 12), Elias Felde (nr. 14) og Jørgen Taklo (nr. 15).

Søndag køyrde Andrine Mårstøl (Haugen IL) inn til ein 8. plass i NM Super-G for kvinner, og ein 6. plass i FIS-rennet i super-G.

NM / FIS super-G - Ål

NIF-EPI02, 02
NTB