Hopp til innhold

Jølster Skisenter.

Bilhuset Førde KM SG/SC, Jølster

Laurdag 17. april inviterer Jølster IL til Bilhuset Førde KM i super-G og super-kombinasjon i Jølster Skisenter.

innbyding

PÅMELDING - INFO. Påmeldingsfrist er torsdag 15. april kl. 23.59.

Alle må merke seg følgjande:

  • Rennet er kun ope for utøvarar som er 20 år eller yngre innanfor same skikrins/idrettskrins. Jf. gjeldande smitteverntiltak for skiidretten i Norges Skiforbund sin koronarettleiar.
  • F.o.m. 16. april 2021 kan arrangement utandørs gjennomførast med inntil 200 personar til stades. Jf. gjeldande nasjonale smittevernreglar.
  • Støtteapparat og føresette må også melde seg på rennet på førehand gjennom rennpåmelding i Min idrett. Meld på i klasse «Støtteapparat og føresette".

Smittevern:
Arrangør, klubbar og utøvarar/føresette skal alltid forhalde seg til nasjonale og lokale reglar og retningslinjer for smittevern. 
Alle som møter på rennet ​skal ​følgje dei generelle smittevernråda som gjeld i samfunnet:

  • Ved symptom på sjukdom skal ein halde seg heime
  • Hugs god hand- og hostehygiene
  • Hald minst 1 meters avstand
  • Alle må registrere seg ved ankomst arena
NIF-EPI03, 03