Hopp til innhold

SSF Cup 2021

SSF Cupen i langrenn for 2021 er no avslutta. Det vart mange gode duellar i løypa og kjekke arrangement, sjølv om det også i år vart ei brå avslutning av sesongen. SSF Cup 2021 samanlagt.

Gjennom sesongen 2020/2021 har ein fått avvikla mange flotte renn, sjølv med periodar med restriksjonar for skirenn og til tider utfordrande snøforhold. 

Ein stor takk til arrangørane av SSF Cup 2021! Neste sesong kjem fleire arrangørar i skikrinsen sterkare tilbake.

Takk for flott innsats av alle dei aktive! Ein særleg takk til juniorane og seniorane som denne sesongen har delteke på mange krinsrenn til stor inspirasjon for dei yngre løparane.

Grunna avlysing av SSF Cup Finale 27. mars pga. gjeldande smittevernreglar, utgår eitt renn for rekrutt (11-16 år) i SSF Cupen 2021. SSF KM Friteknikk 14. mars 2021 vert teljande både for rekrutt og junior i SSF Cup 2021 (som informert om i innbydinga til dette rennet). 

I SSF Cupen for 2021 vart det dermed gjennomført 6 renn for rekrutt og 5 renn for junior. Skikrinsen gjer difor endring i tal teljande renn og premiering for SSF Cupen 2021.

Tal renn for SSF Cup 2021:

  • I klasse 11 og 12 år er 3 av 6 renn teljande i samandraget.
  • I klasse 13 - 16 år er 4 av 6 renn teljande i samandraget.
  • I juniorklassane er 4 av 5 renn teljande i samandraget.

Premiering i SSF Cup 2021:

  • Dei tre beste i kvar klasse som har fullført minst 3 renn, får samanlagtpremie.
  • Alle som har fullført 3 renn eller meir får deltakarpremie.
  • Premiane vert delt ut klubbvis. 

SSF CUPEN 2021 SAMANLAGT

Bilete frå SSF Cupen 2021:

NIF-EPI03, 03