Hopp til innhold

Gjøran Tefre med 2. plass i sprint under norgescup på Gålå. (Foto: NTB)

2. plass på Tefre

Gjøran Tefre (Førde IL/Team Elon Vest) tok ein sterk 2. plass i sprint klassisk under norgescup for senior på Gålå fredag.

Tefre gjekk ein god prolog med 2. beste tid, og tok seg greit vidare frå kvart- og semifinale. I finalen enda han på 2. plass bak vinnar Kasper Stadaas (Heming IL).

resultat

Norgescup på Gålå held fram laurdag med 10/15 km klassisk og søndag med 20/30 km friteknikk.

NIF-EPI02, 02
NTB