Hopp til innhold

Gjøran Tefre under laurdagens norgescuprenn på Langeland. (Foto: NC Førde 2021)

Solid 5. plass av Tefre

Gjøran Tefre (Førde IL/Team Elon Vest) gjekk inn til ein solid 5. plass på 15 km friteknikk under strålande forhold i norgescup på Langeland laurdag.

Med ei god avslutning gjekk Tefre seg opp sju plassar på siste runden til ein 5. plass, og var 30 sekund bak vinnar Vebjørn Turtveit.

Ane Brekke (Førde IL) og Eskil Hov (Kaupanger IL) fekk sin debut i seniorklassen i norgescup. Brekke gjekk inn til ein 41. plass i kvinneklassen, medan Hov vart nr. 77 i herreklassen.

RESULTAT

Sjå opptak av live-sending laurdag 13. februar: 
Menn 15 km friteknikk
Kvinner 10 km friteknikk

Ane Brekke i aksjon under 10 km friteknikk. (Foto: NC Førde 2021)


Eskil Hov under 15 friteknikk. (Foto: NC Førde 2021)

Norgescup på Langeland vert avslutta søndag med 15 km klassisk for menn med Gjøran Tefre og Eskil Hov på start, og 10 km klassisk for kvinner med Ane Brekke på startstreken.

Rennet kan ein følgje via Norges Skiforbund si live-sending HER.

EQUINOR NORGESCUP FØRDE 2021

NIF-EPI02, 02
NTB