Hopp til innhold

Krinsrenn innstilt t.o.m. 14. feb.

Myndigheitene opprettheld dei nasjonale tiltak, og retningslinjene for skiidretten held inntil vidare fram til midten av februar.

Dette betyr at alle krinsrenn i Sogn og Fjordane Skikrins dei to neste helgane (6.-7. februar og 13.-14. februar) må utsettast til seinare i sesongen.

TERMINLISTE 2020-2021

Norges Skiforbund: Gjeldande retningslinjer for gjennomføring av skiaktivitet/skiarrangement

Skikrinsen v/greinkomitear og adm. har tett dialog med aktuelle arrangørar av krinsrenn, og så snart det opnast opp for avvikling av krinsrenn vil ein oppdatere terminlista.

Dersom det blir nødvendig vil ein også sjå på moglegheita for å forlenge sesongen med krinsrenn til etter påske.

Skikrinsen oppmodar skigruppene om å halde fram den viktige og gode jobben med lokal klubbaktivitet!

NIF-EPI01, 01
NTB