Hopp til innhold

SSF Cup Hodlekve

SSF Cup i friteknikk søndag 3. januar, som opphaveleg skulle avviklast på Langeland, vert flytta til Sogndal Skisenter - Hodlekve med Sogndal IL Langrenn som arrangør. Informasjon er oppdatert 02.01.2021.

Grunna rådande forhold ved Langeland Skisenter må sesongens første SSF Cup flyttast til Sogndal Skisenter - Hodlekve, og Sogndal IL tek over som arrangør for Førde IL/Gaular IL. Arrangør vil gjere nødvendig arbeid i løypetraseen i Hodlekve slik at den er rennklar til søndag.

Rennet går i friteknikk og inngår i SSF Cup for junior (17-20 år).

Oppdatering pr. 02.01.2021:

INFO - PÅMELDING Påmelding innan fredag 1. januar, kl 23:59.

MERK!​ ​Støtteapparat og føresette må også melde seg på rennet på førehand gjennom rennpåmelding i Min idrett. Dette grunna avgrensing på maksimalt 200 personar til stades på arrangementet samtidig (i same kohort). Meld på i klasse «Støtteapparat og føresette». Ein oppmodar om maks. 1 føresett pr. løpar på krinsrenn inneverande sesong.

Hugs påmelding i rett klasse (t.d. f. 2010 = 11 år). 

Smittevern:
På grunn av den pågåande koronapandemien oppmodar arrangøren om maks. 1 føresett pr. løpar på rennet grunna avgrensing på maksimalt 200 personar til stades på arrangement.

Alle som møter på rennet ​skal ​følgje dei generelle smittevernråda som gjeld i samfunnet:

  • Ved symptom på sjukdom skal ein halde seg heime
  • Hugs god hand- og hostehygiene
  • Hald minst 1 meters avstand
  • Alle må registrere seg på brua ved ankomst langrennsstadion. SIL Langrenn nyttar NIF si elektroniske løysing https://qrona.nif.no/ (sjå meir informasjon i innbydinga)

Innbyding

NIF-EPI01, 01
NTB