
SPV AlpinCup Førde IL UTSETT
Sparebanken Vest AlpinCup laurdag 23. januar i Sunnfjord Skisenter, Blomlia, er utsett inntil vidare med bakgrunn i gjeldande regelverk og med presiseringar frå skiforbundet pr. 20. januar.
Oppdatering pr. 20.01.2021, kl. 20.55:
Arrangementet vert ikkje avvikla laurdag 23. januar då alle arrangement som samlar deltakarar frå fleire kommunar skal avlysast eller utsettast inntil vidare. Dette med bakgrunn i regjeringa sine oppdatert smitteverntiltak gjeldande frå 20. januar.
Norges Skiforbund, 20. januar: Presiseringer vedr. gjennomføring av skiaktivitet/ skiarrangement
Evt. påmelding direkte via Min idrett ved å søke på arrangementet "SPV AlpinCup".
MERK! Støtteapparat og føresette må også melde seg på rennet på førehand gjennom rennpåmelding i Min idrett. Dette for å ha oversikt over alle som er til stades på arrangementet for evt. smittesporing. Meld på i klasse «Støtteapparat og føresette».
Smittevern:
Alle som møter på rennet skal følgje dei generelle smittevernråda som gjeld i samfunnet:
- Ved symptom på sjukdom skal ein halde seg heime
- Hugs god hand- og hostehygiene
- Hald minst 1 meters avstand
- Alle må registrere seg ved ankomst arena