Hopp til innhold

Sunnfjord Skisenter, Blomlia.

SPV AlpinCup Førde IL UTSETT

Sparebanken Vest AlpinCup laurdag 23. januar i Sunnfjord Skisenter, Blomlia, er utsett inntil vidare med bakgrunn i gjeldande regelverk og med presiseringar frå skiforbundet pr. 20. januar.

Oppdatering pr. 20.01.2021, kl. 20.55:
Arrangementet vert ikkje avvikla laurdag 23. januar då alle arrangement som samlar deltakarar frå fleire kommunar skal avlysast eller utsettast inntil vidare. Dette med bakgrunn i regjeringa sine oppdatert smitteverntiltak gjeldande frå 20. januar.

Norges Skiforbund, 20. januar: Presiseringer vedr. gjennomføring av skiaktivitet/ skiarrangement

Innbyding

PÅMELDING - INFO 

Evt. påmelding direkte via Min idrett ved å søke på arrangementet "SPV AlpinCup".

MERK!​ ​Støtteapparat og føresette må også melde seg på rennet på førehand gjennom rennpåmelding i Min idrett. Dette for å ha oversikt over alle som er til stades på arrangementet for evt. smittesporing. Meld på i klasse «Støtteapparat og føresette».

Smittevern:
Alle som møter på rennet ​skal ​følgje dei generelle smittevernråda som gjeld i samfunnet:

  • Ved symptom på sjukdom skal ein halde seg heime
  • Hugs god hand- og hostehygiene
  • Hald minst 1 meters avstand
  • Alle må registrere seg ved ankomst arena
NIF-EPI01, 01
NTB