Hopp til innhold

Kleivanerennet 2021 utsett

Kleivanerennet 2021 som er terminfesta 24. januar er utsett inntil vidare grunna situasjonen med covid-19.

Lokale helsemyndigheiter i kommunen har tilrådd arrangør utsette arrangementet inntil vidare med bakgrunn i situasjonen med covid-19. Ut i frå ei heilheitsvurdering har arrangør Fjellhug/Vereide IL difor bestemt å utsette Kleivanerennet og håpar å kunne avvikle det seinare i sesongen om situasjonen endrar seg.

Rennet var sett opp som SSF Cup for rekrutt (11-16 år). Skikrinsen kjem tilbake med informasjon om når og kvar SSF Cup for rekrutt vert avvikla.

nif-epi04, 04