Hopp til innhold

Illustrasjonsbilete (Foto: Norges Skiforbund)

Informasjon fluorforbod

Skikrinsen oppmodar om at det i alle arrangement i Sogn og Fjordane Skikrins si terminliste kun skal nyttast fluorfrie gliprodukt i sesongen 2020/21. Dette gjeld i alle greiner, også i klassane over 16 år som ikkje kjem under fluorforbodet til Norges Skiforbund.

Skikrinsstyret kom med same oppmoding til forrige sesong med bakgrunn i følgjande vedtak i Skikrinsstyret 2. desember 2019:

Vedtak:
Skikrinsstyret gjer vedtak om sterkt å oppmode om at det i alle arrangement i Sogn og Fjordane Skikrins si terminliste kun skal nyttast fluorfrie gliprodukt i sesongen 2019/20. Dette gjeld i alle greiner og også i klassane over 16 år som ikkje kjem under fluorforbodet til Norges Skiforbund.

*FIS-renn som vert arrangert i Sogn og Fjordane kommande sesong kjem ikkje under vedtaket.

Bakgrunn:
Vedtak i styret i Norges Skiforbund 18. november 2019:
Fluorforbudet for alle klasser til og med 16 år innføres umiddelbart også for grenene som ikke allerede har innført et slikt forbud. Forbudet omfatter fluorholdige glidprodukter. Forbudet inntas i spesielle bestemmelser, og det kan bli foretatt kontroller i alle grener.

Relevant informasjon frå Norges Skiforbund:

NIF-EPI03, 03
NTB