
12. plass i NM sprint
Gjøran Tefre (Førde IL/Team Elon Vest) er på veg tilbake i form og vart nummer 12 på laurdagens sprint klassisk i NM i Granåsen.
Førde-løparen har slitt med skadar i oppkøyringa til årets sesong og viste formstigning i årets NM sprint med semifinale og 12. plass totalt.
Etter 2. plass i kvartfinalen kom Tefre i eit tøft semifinale-heat med Johannes Høsflot Klæbo og Erik Valnes, og enda til slutt som nummer 12 i NM-sprinten.
Klæbo og Valnes gjorde til slutt opp om NM-gullet der Klæbo tok NM-tittelen i sprint.
Resultat NM sprint klassisk, laurdag
NM i langrenn held fram søndag med skiathlon med Jon Rolf Skamo Hope (Hyen IL/Team Elon Vest) på startstreken.
NM 2021 Langrenn (del 1) vert avvikla med deltakaravgrensing grunna covid-19, der dei 90 beste herreløparane og 55 beste dameløparane får stille til start.