Hopp til innhold

Foto: Kong Haralds Ungdomsstafett

Klart for Ungdomsstafetten

Søndag 8. mars er det klart for Kong Haralds Ungdomsstafett 2020 i Holmenkollen.

Langrennskomiteen i Sogn og Fjordane Skikrins har teke ut eitt lag til stafetten. Uttaket er basert på stillinga i SSF Cupen (fylkescupen) pr. 10.02.2020.

Følgjande er tatt ut på Sogn og Fjordane sitt lag:

J 15: Guri Line Brekke, Førde IL
G 15: Magnus F. Degnepoll, Førde IL
J 16: Linnea O. Lundekvam, Førde IL
G 16: Ingebrigt Nes Hjelle, Eid IL

Ungdomsstafetten er ein mixed stafett over fire etappar à 3,5 km i klassisk for aldersgruppa 15 og 16 år, og har i tillegg eit flott opplegg for heile helga.

Stafetten vert arrangert av Oslo Skikrets i samarbeid med Norges Skiforbund i samband med World Cup i Holmenkollen.

INFORMASJON UNGDOMSSTAFETTEN

ARRANGØREN SINE NETTSIDER

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde
NIF-EPI03, 03
Pedro Lemos