Hopp til innhold

SSF Cup 2020

SSF Cupen i langrenn for 2020 er no avslutta. Det vart mange gode duellar i løypa og kjekke arrangement, sjølv om det vart ei brå avslutning av sesongen. SSF Cup 2020 samanlagt.

I ein noko utfordrande vinter har ein fått gjennomført alle renna i SSF Cupen unntatt siste rennet med finalen. Denne vart avlyst grunna situasjonen med koronavirus, der all idrettsaktivitet vart avlyst frå 12.03.2020.

Takk til alle arrangørar av SSF Cup 2020 og takk for god innsats av alle dei aktive!

Grunna avlysing av siste SSF Cup for både rekrutt (11-16 år) og junior, vart det i SSF Cupen for 2020 gjennomført 6 renn for rekrutt og 4 renn for junior. Skikrinsen gjer difor endring i tal teljande renn og premiering for SSF Cupen 2020.

Tal renn for SSF Cup 2020:

  • I klasse 11 og 12 år er 3 av 6 renn teljande i samandraget.
  • I klasse 13 - 16 år er 4 av 6 renn teljande i samandraget.
  • I juniorklassane er 3 av 4 renn teljande i samandraget.

Premiering i SSF Cup 2020:

  • Dei tre beste i kvar klasse som har fullført minst 3 renn, får samanlagtpremie.
  • Alle som har fullført 3 renn eller meir får deltakarpremie.
  • Skikrinsen kjem tilbake med informasjon om utdeling av premiar. 

SSF CUPEN 2020 SAMANLAGT

Bileter frå SSF Cupen 2020:


Foto over: Fjordingen


Foto over: Fjordabladet

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde
NIF-EPI01, 01