Hopp til innhold

Ivar Ulvedal i aksjon under Kick The Limits 2020. (Foto: Roger Sandum)

Flotte prestasjonar av Ulvedal

Ivar Ulvedal (IL Veten) har gjort det godt i langrennsløypa denne sesongen med flott prestasjonar i nasjonale renn.

17.-19. januar deltok Veten-løparen på Kick The Limits 2020 på Furutangen, eit årleg ope meisterskap for utøvarar med utviklingshemming i langrenn og alpint. Her konkurrerte han i sprint friteknikk og 5 km klassisk.

Kick The Limits 2020

7.-8. mars deltok Ivar i PMF-lekene 2020 på Selbu, eit landsrenn for utøvarar med utviklingshemming i langrenn. Her konkurrerte han i 100 meter sprint, 3 km friteknikk og 10 km klassisk.

PMF-lekene 2020

På desse landsrenna er det om lag 100 deltakarar, og i tillegg er det eit kjekt sosialt opplegg.

Ivar er eit flott førebilete for skiidretten i fylket, og skikrinsen håpar at enno fleire lokale para-utøvarar ynskjer å delta både på lokale og nasjonale renn.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde
NIF-EPI03, 03