Hopp til innhold

Toppidrett og vidaregåande skule

Informasjon om tilbod for potensielle toppidrettsutøvarar ved vidaregåande skular i Vestland fylke. Informasjon er oppdatert 26.02.2020.

I Sogn og Fjordane vil ordningar for potensielle toppidrettsutøvarar også gjelde for skuleåret 2020-2021

  • Spissa idrettstilbod (fotball og volleyball)
  • Ordning for potensielle toppidrettsutøvarar (utanom fotball og volleyball)
    Her bør utøvar/klubb/særidrett opprette dialog med aktuell vgs. om korleis det best mogleg kan leggast til rette for utøvaren i kombinasjon med vidaregåande opplæring.

Søknadsfrist 2. mars 2020.

Informasjon om ordningane

Presisering om søknad på ordninga for potensielle toppidrettsutøvarar:

  • Ordninga vil bli praktisert slik som tidlegare år, dvs. det vert gjort formelt vedtak om kven som kan definerast som potensielle toppidrettsutøvarar basert på vurderingar til særkrets/region. Nytt i 2020 er at OLT Vest gjer formelt vedtak i staden for Idrettskrinsen.
  • For dei som har levert inn stadfesting/dokumentasjon frå før, er det ikkje nødvendig å legge ved på nytt. Men merk at alle må levere søknadsskjema på ordninga kvart år.
  • Etter at ein har søkt vigo.no og kryssa av for ordninga skal følgjande sendast til OLT Vest:
    - utskrift av web-søknad
    - søknadsskjema for potensielle toppidrettsutøvarar
    - dokumentasjon frå særkrets/klubb (dersom dette ikkje er levert inn tidlegare)
    - stadfesting på at skulen kan leggje til rette på det programområdet du har søkt på
  • Sjå meir utfyllande informasjon og lenke til søknadsskjema på Vestland idrettskrets si nettside.

Ved spørsmål kontakt:
Sogn og Fjordane Skikrins v/ adm. sjef Ingrid Narum
E-post: ingrid.narum@skiforbundet.no
Tlf: 92 60 14 21

NIF-EPI02, 02