Hopp til innhold

Sindre Myklebust (Foto: privat)

Sterk innsats i FIS-renn

Juniorløpar Sindre Myklebust (Sogndal IL) hevda seg godt i FIS-renn i Oslo med 14. plass i storslalåm.

I konkurranse med sterke FIS-løparar vart 2. års junioren nr. 14 og best i sitt årskull under torsdagens storslalåmrenn i Wyllerløypa.

I fredagens storslalåmrenn køyrde Andreas Strand (Jølster IL) inn til ein 13. plass. Her vart det ein 15. plass på Myklebust.

RESULTAT - FIS wyller

FIS-runden i Oslo held fram med slalåmrenn laurdag og søndag i Kirkerud.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde
NIF-EPI03, 03
Pedro Lemos