Hopp til innhold

Bilete frå Bjønnastarten 2020. (Foto: Alf Henning Evjestad)

Krinsrenn Leirdalen

Det terminfesta krinsrennet i langrenn søndag 20. desember, som opprinneleg skulle avviklast i Sogndal Skisenter, vert flytta til Leirdalen med IL Bjørn som arrangør. Informasjon er oppdatert 19.12.2020.

Sogndal IL Langrenn har vurdert rådande skiforhold i Sogndal Skisenter - Hodlekve til at ein ikkje kan avvikle renn kommande søndag, og IL Bjørn tek over rennet med bidrag frå Sogndal IL Langrenn på påmelding og tidtaking (difor står Sogndal IL som arrangør i Min idrett).

Rennet går i klassisk teknikk.

INFO - PÅMELDING 

Løypekart

Stakefri sone (teknikksone):
Det blir teknikksone i løypa. I sona er det berre tillat å nytte diagonalteknikk. Sona vil bli tydeleg markert med både skilt og markering i snøen (start og stopp).

MERK!​ ​Støtteapparat og føresette må også melde seg på rennet på førehand gjennom rennpåmelding i Min idrett. Dette grunna avgrensing på maksimalt 200 personar til stades på arrangementet samtidig (i same kohort). Meld på i klasse «Støtteapparat og føresette». Ein oppmodar om maks. 1 føresett pr. løpar på krinsrenn inneverande sesong.

Hugs påmelding i rett klasse (t.d. f. 2010 = 11 år). 

Smittevern:
På grunn av den pågåande koronapandemien oppmodar arrangøren om maks. 1 føresett pr. løpar på rennet grunna avgrensing på maksimalt 200 personar til stades på arrangement.

Alle som møter på rennet ​skal ​følgje dei generelle smittevernråda som gjeld i samfunnet:

  • Ved symptom på sjukdom skal ein halde seg heime
  • Hugs god hand- og hostehygiene
  • Hald minst 1 meters avstand
  • Alle må registrere seg ved ankomst (arrangør hjelper til med registrering)
NIF-EPI01, 01