Hopp til innhold

Langeland Ski- og fritidssenter.

Enivest rulleskirenn

Søndag 11. oktober er det klart for Enivest rulleskirenn på Langeland med Førde IL Langrenn som arrangør. Informasjon er oppdatert 10.10.2020.

Rulleskirennet vert avvikla i friteknikk og er ope for klasse 11 år (f. 2010) og eldre.

Startliste

Som følgje av situasjonen med covid-19 vert arrangementet avvikla i to separate delar:

Kl. 11.30: Første start pulje 1 (menn og kvinner senior, menn og kvinner junior)
Kl. 14.00: Første start pulje 2: (J/G 11 år - 16 år)

NB! Utøvarar, støtteapparat og føresette skal komme til arenaen så tett opp mot stipulert starttid som mogleg. Dette for å unngå større ansamlingar. 

Innbyding (oppdatert)

NB! Hugs at skilisens for ny sesong (01.10.2020-30.09.2021) må vere betalt for å ha gyldig lisens og kunne delta i rennet (for utøvarar frå fylte 13 år).

Smittevern covid-19:
Førde IL Langrenn gjer sitt ytterste for å få til ei så god og trygg gjennomføring av arrangementet som mogleg. Føresetnaden for at Førde IL Langrenn kan arrangere rulleskirennet, er at alle følgjer utarbeida reglar og rutinar for smittevern:

  • Har du symptom på luftvegsinfeksjon og covid-19 skal du ikkje møte opp på arrangementet. 
  • Ein oppmodar om at alle praktiserar god hygiene, og at ein unngår klemming og annan form for kroppskontakt i samband med arrangementet. Vask hendene med antibac når ein kjem til skisenteret.
  • Alle skal halde avstand der det er mogleg, og ein oppmodar om at ein følgjer regelen om 1 meter avstand. Unngå også høg tale og roping, noko som aukar risikoen for dråpesmitte.
  • Utøvarar, støtteapparat, føresette og funksjonærar skal registrerast ved ankomst Langeland Skisenter. Dette er svært viktig m.o.t. ev. smittesporing.

Sjå meir utfyllande informasjon i innbydinga.

nif-epi04, 04
fnugg